Fra lørdagens klassiske langrenn. Foto: Cecilie Haugen.
Brukerskapt innhold
Lokalsporten.fvn.no er siden for brukerskapt innhold, der klubber og utøvere selv skriver fra stevner, trening og annet. Vi tar også inn pressemeldinger som omhandler sørlendingers prestasjoner. Formålet er å speile mangfoldet og bredden i lokalidretten, og flere av sakene publiseres også på forsiden til fvn.no. Minst en gang i uka samler vi utvalgte bidrag i papiravisen. Vil du som utøver eller din klubb være med som en av stadig flere bidragsytere, kan du sende en e-post til Rune Stensland.

Deltakarrekord i Brokke Mini Tour

Brokke Mini Tour gjekk i helga av staben for 3. året, og aldri tidlegare har det vore så mange deltakarar med.

Det starta med klassisk langrenn med rundt 140 deltakarar i sola laurdagen. Alle frå 0 til 100 år + kunne vere med, og skigleda var stor då dei minste starta kl. 11.30.

Idrettsstipenda frå Valle Sparebank vart delt ut i dag, og alle vinnarane kom frå Hovden skigymnas. Til saman fekk dei med seg kr. 20.000,-!

Junior klasse jenter – 7,5 km:

  1. Elin Uppstad. Tid 16.18.
  2. Margit Wiberg. Tid 16.51.
  3. Sandra Vestly Sirevåg. Tid 17.14.

Junior klasse gutar – 10 km:

  1. Sivert Wiig. Tid 26.28.
  2. Sondre Ramse. Tid 26.53.
  3. Vebjørn Nerheim. Tid 26.54.
Fra søndagens Skibakken opp. Foto: Cecilie Haugen.
Fra søndagens Skibakken opp. Foto: Cecilie Haugen.

Etter at dag to av Brokke Mini Tour er over, ser vi tilbake på ei helg med mykje moro og er utruleg imponerte over dei flinke deltakarane! Søndag gjekk dei yngste mellom 8 og 11 år 1 km. Dei mellom 12 og 14 år gjekk 2 km, og dei frå 15 år og eldre gjekk 4 km. Alle alderstrinna fekk prøve seg opp skibakken i ulike trinn, men den eldste klassen måtte heile skibakken til topps! Totalt var det rundt 100 deltakarar den dagen.

Beste jente i klassen frå 15 år vart Elin Uppstad, med tida 16:50. Åsmund Wiberg vart beste gut i klassen frå 15 år, på tida 15:17. Båe er elevar ved Hovden skigymnas. Vi gratulerer så mykje med nok ein flott prestasjon!

Resultatlister kan du lese på Skiforbundet sine heimesider. Her kan du sjå bilete og lese frå lørdagen og her frå søndagen.

Takk for ein strålande innsats frå Valle IL, Oddersjå SSK og alle andre som har bidrege på dugnaden!